Om Juleroser

Juleroser er eit vakkert julehefte som kvart år byr på nyskrivne forteljingar frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

 Redaktør Herborg Kråkevik fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut i Skandinavia mellom 1881 og 1944. Vi er stolte over å bringe denne tradisjonen vidare i moderne form. Til kvart hefte har ein folkekjær artist laga ein ny julesong. I førjulstida kan du oppleve Herborg Kråkevik sin Julerosekveld saman med Julerosekvintetten og utvalde gjestar på kulturhus rundt om i landet.

Juleroser 2023

229,-